Barnehagane i Valle kommune nyttar Visma Flyt Barnehage som administrativt system. Her er både føresette, barn og tilsette registrerte. Systemet fungerer som ein plattform som gjer kommunikasjonen mellom barnehage og heim enklare og meir oversiktleg.
Gjennom Visma Flyt Barnehage kan du:
- søkje om eller endre barnehageplass
- få tilgang til informasjon frå barnehagen
- motta og svare på meldingar
Visma min barnehage
Visma Min Barnehage er ein app som gjer det enkelt for deg som føresett å halde kontakt med barnehagen og få innblikk i barnet sin kvardag.
I appen kan du mellom anna:
- sende og motta meldingar med barnehagen
- registrere dagar barnet ikkje kjem i barnehagen
- lese dagbok med små og store opplevingar frå barnehagedagen
- gi eller avslå samtykke
- motta felles informasjon og beskjedar frå barnehagen
- sjå planlagde aktivitetar i kalenderen
Kommunisere med barnehagen din | Visma Min Barnehage - Visma
Publisert 07.11.2023 14:49
Sist endra 10.10.2025 10:27