Visma flyt barnehage

Barnehagane i Valle kommune nyttar Visma flyt barnehage som administrativt system. Både føresette, barnehagebarn og ansa er registrert i dette systemet. Visma flyt barnehage fungerer som ein plattform for å gjere kommunikasjonen mellom barnehage og heimen enklare. I Visma Flyt barnehage kan ein søke om eller endre plass i barnehagen og få med seg beskjedar frå barnehagen.  

Visma min barnehage  

Visma min barnehage appen gjer slik at du som forelder enkelt kan kommunisere med barnehagen. Du kan også få eit innblikk i ditt barns kvardag 

I appen kan du blant anna:  

  • Motta og sende meldingar med barnehagen  
  • Registrere hvilke dagar ditt barn ikkje skal være i barnehagen 
  • Motta dagbok som fortel om barnets små og store opplevingar i barnehagen 
  • Gi eller avslå samtykke 
  • Motta felles beskjeder med informasjon frå barnehagen 
  • Se planlagde aktivitetar i kalenderen  

 

Kommunisere med barnehagen din | Visma Min Barnehage - Visma