It takes a village - ein dag for barns oppvekst

Laurdag 15. november | Hylestad soknehus | Kl. 09:00–15:00

Eitt barn - ein dal - mange hender

"It takes a village to raise a child". Dette afrikanske ordtaket ønskjer vi skal vere ein inspirasjon - og vår oppmoding - til å samle seg om barns oppvekst i Hylestad soknehus 15.november. Målet er enkelt: Å dele kunnskap, skape refleksjon og styrke det lokale fellesskapet som gir barn gode vilkår. Vår frie omsetjing av ordtaket - eitt barn, ein dal, mange hender - signaliserer at vi alle har ansvar for at våre barn og unge skal ha ein god og trygg oppvekst. Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til ein lærerik og inspirerande dag

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Program for dagen:

09:00 – Velkomen og innleiing

09:15-11:15 – Siri Abrahamsem – «Små handlinger – store forskjellar»

Ein refleksjon om kor mykje små, konkrete handlingar betyr i møte med kvarandre. Foredraget tek utgangspunkt i tanken om at mellommenneskelge møte kan løfte eller tynge – og viser korleis varme ,bevisstheit og velvilje gjer ein konkret forskjell i kvardagen.

11:15-12:15 – Vegard Nilsen – «Gode oppvekstvilkår»

Ei faktabasert og granskande sesjon om kva som fremjar god utvikling: søvn, kosthald, relasjonar og sosiale ferdigheiter. Gjennom statistikk, perspektivtaking og opne spørsmål inviterer Vegard til refleksjon: kva vektlegg vi, og kva går under radaren? Kan sosiale ferdigheiter vere viktigare enn tidleg lesing – og korleis legg skule, heim og samfunn til rette for dette?

 

12:15-13:00 – Gratis lunsj

 

 

13:00-15:00 – Alexander Read – «Robuste barn»

Med bakgrunn i ekspedisjonar, naturterapi og formidling viser Alexander Read korleis naturen kan brukast som verktøy for å bygge livsrobustheit, styrke relasjonar og utvikle indre styrke. Praktiske erfaringar og historier frå turar gir konkrete verktøy for familieliv og folkehelse.

 

Småbarnsforeldre heimehøyrande i Valle kommune får informasjon via barnehagen/skulen om at Hylestad barnehage har ope for barnehagebarn + 1.-2. klasse denne dagen. Barn 3.-5.klasse kan vere på Setesdalsmuseet, der vil det vere personale frå Valle skule SFO, og personale frå museet legg til rette for aktivitetar. Påmelding via VISMA.   

 

Arrangementet er gratis og ope for alle – kom og delta i samtalar som betyr noko for barna i dalen vår.