Vanlegvis startar barna i skulen når dei er 6 år. Det er mogleg å søkje om tidlegare eller utsett skulestart for barnet ditt.
Tenesteomtale
Utgangspunktet er at born startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Du kan søkje om utsett eller tidlegare skolestart for barnet ditt. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år. Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år.
Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor de skal møte og til kva tidspunkt.
Målgruppe
Føresette med born i skulepliktig alder
Kriterium/vilkår
Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå PPT og skriftleg samtykke frå foreldra.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Regelverk for skoleeiers og skolens ansvar
Regelverket i grunnskolen - kva treng foreldre å vite?
Lover
Sjå spesielt opplæringslova § 2-1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring
Forvaltningsloven
Opplæringslova
Vedlegg
Sakkunnig vurdering
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.