Ansvar og oppfølging av skulefråvær i grunnskulen

Å handtere skulefråvær er eit viktig ansvar for kommunen for å sikre at elevane får ein trygg og kontinuerleg opplæring.  

Oppfølging av skulefråvær for elevar i grunnskulen:

1. Kommunen/skulen har ei plikt til å følgje nøye med på skulefråværet til kvar einskild elev. Dersom det blir oppdaga høgt eller hyppig fråvær, set skulen i verk tiltak for å identifisere årsak til stort fråvær.  Dette inkluderer samarbeid med elevane sjølve, foreldre, og evt andre fagavdelingar som kan bidra til å forstå og handtere situasjonen.

2. Kommunen/skulen i samarbeid med elev og foreldre evt andre fagavdelingar utarbeide ein handlingsplan for oppfølging av skulefråvær. Samarbeidet kan omfatte psykososial oppfølging, tilrettelagte læringsopplevingar, eller andre spesifikke tiltak for å handtere årsakene til fråværet. Planen skal innehalde klare tiltak med målsetting om  å redusere fråværet og sikre at elevane kan delta aktivt i opplæringa.  

Samla sett er kommunen sitt ansvar for oppfølging av skulefråvær eit vesentleg ledd i å skape eit inkluderande og støttande læringsmiljø. Gjennom tett samarbeid med skular, elevar, og foreldre kan kommunen legge til rette for at elevane får den hjelpa dei treng for å møte utfordringane knytt til skulefråvær på ein konstruktiv måte.