Skulemiljø

Alle barn har rett til eit skulemiljø utan mobbing eller anna krenkjande åtferd.Skulen skal utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel, tryggleik og læring for alle.

Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulert til fagleg og sosial læring. Alle på skulen har ansvar for at elevane har det trygt og godt på skulen. Elevane har eit medansvar for at skulemiljøet er godt for alle, og elevane har rett til å bidra i arbeidet med å utvikle eit godt skulemiljø

Tryggeheit handlar og om å vere sikker på at skulen tar ansvar når noko oppstår. Skulen har 0 toleranse for mobbing, vald, diskriminering og trakassering, men skulen har og 0 toleranse for mindre alvorleg krenking. Hatytringar, utestenging, isolering og baksnakking skal ikkje tolererast.