Kommunen sitt ansvar for spesialundervisning

Kommunen har eit viktig ansvar for å sikre at alle elevar får ein tilpassa opplæring, inkludert dei som har særlege behov. Dette ansvaret kjem tydeleg fram i lova om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

Ansvaret for spesialundervisning.

Kommunen/skulen plikt til å følgje nøye med på utviklinga til elevane. Dersom det blir avdekt at ein elev har behov for særskild tilrettelegging, skal kommunen setje i gong tiltak for å imøtekomme desse behova. Dette kan inkludere individuell tilpassing av det pedagogiske tilbodet, tilrettlegging av det fysiske arbeidsmiljøet, teknisk og sosial tilrettelegging eller bruk av spesialpedagogisk støtte.

Dersom elevar ikkje har utbytte av ordinær opplæring med tilpasning, skal kommunen vurdere behovet for spesialundervisning. Dette blir gjort i tett samarbeid med foreldre/føresette og PPT.

PPT utarbeidar ei sakkunnig vurdering og skulens leiar fattar vedtak med bakgrunn i denne. Vedtaket kan klagast på etter forvaltningslova

Vidare blir det utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) for elevar som treng spesialundervisning. Denne planen skal tilpassast elevens eigne føresetnader og behov, og det er viktig at både foreldre og elevar blir involverte i prosessen. Gjennom IOP`en sikrar kommunen/skulen at opplæringa blir tilpassa elevane på ein måte som gjer dei i stand til å nå sine faglege mål.

I tillegg til desse ansvarsområda, må kommunen samarbeide tett med andre instansar, som spesialisthelsetenesta og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Dette samarbeidet er essensielt for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane med spesielle behov.

Samla sett har kommunen eit omfattande ansvar for å sikre at spesialundervisninga er tilgjengeleg og av høg kvalitet. Gjennom å følgje lova og setje i verk nødvendige tiltak, bidrar kommunen til at alle elevar får ein rettferdig sjanse til å utvikle seg fagleg og sosialt, uavhengig av individuelle utfordringar.