Leksehjelp

Valle kommune tilbyr leksetid på skulen med rettleiing av ein vaksen

Formål med leksetid er gå gje elevane støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksetid er ikkje eindel av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Den vaksen skal i leksetid gje eleven støtte i skulearbeidet.

Det er viktig at elevane har eit trygt og godt psykososialt miljø i leksetid og at leksehjelpa fremjar helse, trivsel og læring. Får eller har ein tilsett på leksetid mistanke om at eleven sin rett ikkje blir oppfylt skal den tilsette undersøkje saka, varsle rektor og om mogeleg sjølv gripe inn. 

I leksetid skal elevane ha eit forsvarleg tilsyn og gruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksetid blir organisert ulikt for kvar skuleår, men foreldre og elevar får opplysningar om dette ved skulestart. 

Alle som vil delta på leksetid må melde seg på til skulen.