"§ 13-7. Skulefritidsordninga (SFO)
Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for born med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.
Skulefritidsordninga er eit friviljug tilbod og skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå borna.
Skulefritidsordninga skal gje borna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma born skal gjevast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.
Skulefritidsordninga skal ha vedtekter om:
a. eigarforhold
b. kven som er opptaksmyndigheit
c. opptakskriterium
d. opptaksperiode og oppseiing av skulefritidsplassen
e. foreldrebetaling
f. leike- og opphaldsareal
g. dagleg opphaldstid og årleg opningstid
h. bemanning og leiing
Når skulefritidsordninga er knytt til skular, skal rektor til vanleg vere leiar.
For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.
Born med SFO plass har ikkje krav på skuleskyss.
Moderasjonsordninger i skolefritidsordningen (SFO)