Leksetid

Valle kommune tilbyr leksetid med rettleiing av ein vaksen på skulen.
Føremålet med leksetid er å gje elevane støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. 

Leksetid er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. I leksetida skal den vaksne gje eleven støtte i skulearbeidet.

Det er viktig at elevane har eit trygt og godt psykososialt miljø i leksetid og at leksehjelpa fremjar helse, trivsel og læring. Dersom ein tilsett får mistanke om at eleven sin rett ikkje blir oppfylt i leksetida, skal den tilsette undersøkje saka, varsle rektor og om mogeleg gripe inn sjølv. 

I leksetid skal elevane ha eit forsvarleg tilsyn og gruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksetid blir organisert ulikt for kvart skuleår, men føresette og elevar får opplysningar om dette ved skulestart.
Alle som vil delta på leksetid må melde seg på til skulen.