Alle barn har rett til eit skulemiljø fritt for mobbing og anna krenkjande åtferd. Skulen skal vere eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel, tryggleik og læring for alle.
Eit ope og støttande læringsmiljø legg grunnlaget for ein positiv skulekultur, der elevane blir oppmuntra og inspirerte til både fagleg og sosial utvikling. Alle ved skulen har eit ansvar for å sikre at elevane har det trygt og godt. Samtidig har elevane eit medansvar for å skape eit godt skulemiljø, og dei har rett til å ta del i arbeidet med å vidareutvikle det.
Tryggleik handlar òg om å vite at skulen tek ansvar når noko skjer. Skulen har nulltoleranse for mobbing, vald, diskriminering og trakassering, men òg for mindre alvorlege krenkingar. Hatytringar, utestenging, isolering og baksnakking skal ikkje tolererast.
Publisert 26.09.2023 07:32
Sist endra 04.09.2025 11:36
Nulltoleranse for mobbing, vald og krenkjande åtferd
Skulen har nulltoleranse for mobbing, vald og krenkjande åtferd, jf. opplæringslova § 12-3.
Aktivitetsplikta skal sikre at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø, både fysisk og psykososialt.
Alle tilsette ved skulen har plikt til å:
- Følgje med på elevane sitt psykososiale skulemiljø.
- Gripe inn ved krenkjande åtferd, vald eller mobbing.
- Varsle rektor dersom dei har mistanke om eller får kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
- Undersøkje saka snarast mogleg dersom det er mistanke om at ein elev ikkje har det bra.
- Setje inn eigna tiltak for å sikre at eleven får eit trygt og godt skulemiljø igjen.
- Sørgje for at alle involverte partar blir høyrde.
Skriftleg plan ved tiltak
Når skulen set inn tiltak i ei sak, skal det utarbeidast ein skriftleg plan. Planen skal innehalde:
- Kva problem tiltaka skal løyse.
- Kva tiltak som skal gjennomførast.
- Tidspunkt for gjennomføring.
- Kven som er ansvarleg for tiltaka.
- Når og korleis tiltaka skal evaluerast.
Meld frå om skulemiljøsak HER
5 dyktige fagarbeidarar utgjer Valle skule sitt trivselsteam. Dei samarbeidar med helsesjukepleiar og rådgjevar/miljørettleiar for å skape trivsel i skulekvardagen for alle.
Det er alle tilstte på skulen sitt ansvar for at ditt barn trivast på skulen og har ein god og trygg skulekvardag.Trivselsteamet har eit særleg fokus på elevar som treng litt ekstra vaksenstøtte i periodar. I tillegg arrangerer trivselsteamet ulike felles aktivitetar for barn og vaksen gjennom året.
Populære arrangement som trivselsteamet arrangerer er:
- Frokostklubb for elevar som kjem tidleg til skulen
- Lunsjbuffet for alle trinn
- Brettspel og ulike konkurranser
- Vaffeldagen
- Verdensdagen for psykisk helse
- Aktiv ferie- eit tilbod til elevar på 5-7 trinn i haustferien og vinterferien
Miljøteamet er eit lavterskeltilbod for alle elevar og føresette på skulen. Miljøteamet gir rettleiing og råd i saker der ein er bekymra for eit barn/ungdom med samansette utfordringar.
Alle barn skal bli sett og få den hjelpa dei har behov for når dei har eit behov. Det er viktig at fagkompetansen er så tett på barnet som mogeleg.
Miljøteamet består av helsesjukepleiar, rådgjevar/miljørettleiar, kultur og fritid, NAV, psykisk helse, barnevernet og PPT. Rektor koordinerer arbeidet i miljøteamet.
Miljøteamet er med på å bygge laget kring barnet og skal bidra til:
- tidleg oppdaging av utfordringar og behov for hjelp; lærevanskar, psykisk og fysisk helse, familiesituasjon eller anna
- at barnet og familien får eit heilskapleg oppfølgingstilbod så tidleg som mogeleg
- at tverrfagleg skal styrke elevens lærings- og skulemiljø slik at skulekvardagen er trygg, god og gir meistring.
- at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring gjennom skulenærvær, tryggleik, motivasjon og meistring
Saker i miljøteamet krev samtykke for tverrfagleg samarbeid frå foreldre.
Ressursteamet er eit lågterskeltilbod med mål om å bidra til tidleg innsats og tverrfagleg fokus på elevar som vekker bekymring fagleg.
Deltakarane skal belyse eleven sin situasjon frå eit fagleg ståtad og skal saman med lærar kome fram til tiltak som kan prøvast ut i for eleven i klassen, på skulen og evt heime.
Faste deltakarar i R- team er PP Tenesten og spesialpedagogisk koordinator og evt rektor.
Deltakarar i enkeltsaker:
Kontaktlærar, føresette kan delta, andre støttetenester ved behov.
Språk og spes ped koordinator:
Marianne Solbakk Lye
E- post: marianne.lye@valle.kommune.no