Vaksenopplæring

Valle vaksenopplæring held til på Valle skule i 3.etg. Målet er inkludering med vekt på førebuing til arbeid eller vidare utdanning. 

Norskkurs

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrere.

Vaksenopplæringa tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter Ny lov om integrereing. Norskkursa følgjer Læreplan for vaksne innvandrarar og er opne for alle – både deltakarar med rett til gratis norskopplæring og betalande deltakarar.

Nye norskkurs er på dagtid startar to gonger i året:  medio august (haustsemester) og starten av januar(vårsemester)

A1   Begynner nivå​
A2   Litt viderekommende​
B1   Viderekommende 

Desse har vanlegvis rett og pli​kt til norsk​​​​opplæring (gratis norskkurs):

  • Innvandrarar med flyktningstatus
  • Innvandrarar med opphald på humanitært grunnlag
  • Familiegjenforente med person(ar) frå gruppene over eller med norske statsborgarar

Desse må vanlegvis betale for n​​​orskkurs:

  • Arbeidsinnvandrere
  • EØS-borgere

Grunnskule for vaksne

Det kan vere mange årsakar til at vaksne treng grunnskuleopplæring; ikkje oppnådd fullverdig grunngskule, behov for ny opplæring grunna sjukdom/skade eller behov for grunnleggjande ferdigheiter for å kunne vidareutdanne seg eller få arbeid.

For å ha rett til grunnskuleopplæring, må den vaksne:

  • Vere over opplæringspliktig alder
  • Ha behov for grunnskuleopplæring
  • Ha lovleg opphald i  Noreg

Retten gjeld og for dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir grunnskuleopplæring. Denne retten er regulert i opplæringslova kap 4A. Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før inntak til grunnskule slik at opplæringa kan tilpassast kvar elev.

Grunnskule for vaksne er for vaksne søkjarar som ikkje har fullført grunnskule. Opplæringa går over 2 år og skjer i faga:

  • Norsk
  • Matematikk
  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Naturfag

Opplæringa er på dagtid og følgjer vanleg skuleår.

Nytt grunnskuletilbod starta opp hausten 2023