Individuell plan - koordinering av helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester

Ein individuell plan skal sørgje for at det alltid er nokon som har ansvar for å koordinere og følgje opp tenestene du får. Koordinatoren skal sikre samarbeid mellom tenestene og framdrift i planen. Som mottakar av tenestene skal du få delta i arbeidet med individuell plan, dersom du ønskjer det. Har du behov for tenester både frå kommunen og frå spesialisthelsetenesta (staten), har desse plikt til å samarbeide om å utarbeide planen.