Dette er ein handlingsrettleiar for barnehage og skule. Rettleiaren skal sikre god sakshandsaming og gjere deg tryggare i kva du skal gjere når du er uroleg for eit barn/ungdom.
For tilsette i andre kommunale tenester, kan rettleiaren vere til nytte frå steg 4.
Steg 8 og 9 vert berre brukt når ein vurderer at meldeplikta til barnevernstenesta er utløyst.
OBS: ved mistanke om vald eller overgrep, skal ein melde i frå utan å involvere føresette. Drøft eventuelt med barnevernet. Sjå avvergingsplikta og Meld mistanke om vold og/eller seksuelle overgrep.
Om du ikkje er offentleg tilsett:
Melde som privatperson