Steg 2: Samtale med barn

  • I tråd med barnekonvensjonen har barn rett til å uttale seg og bli høyrd i alle saker som gjeld dei.
  • Føremålet med samtalen er å bygge tillit og ein god relasjon for å kome i dialog.
  • Snakkemedbarn.no kan hjelpe deg å øve på samtalar med barn du er bekymra for.


Når skal ein snakke med barnet?

Om barnet opnar seg, bør ein legge til rette for å halde fram samtalen der og då.  Om situasjonen er slik at du ikkje kan halde fram, vis at du har høyrt barnet og vil ta ansvar for å ta det opp att. 

Om barnet ikkje har opna seg og ein er bekymra på bakgrunn av opplysningar eller observasjonar; snakk med barnet så fort som mogleg og fleire gonger om naudsynt. 
 

Førebu samtalen om du har høve til det:

  • Ein bør unngå å sitte med skjema framom seg under samtalen, skriv ned i malen rett etter samtalen. Ein kan eventuelt skrive stikkord i lag med barnet på ark midt på bordet. 
  • Ha klart noko for barnet å ha fokus på (noko å fikle med, teiknesaker, figurar eller anna). 
  • Ta utgangspunkt i det du har observert. Utforsk og undersøk saman med barnet/ungdommen. Få deira perspektiv og oppleving.
  • Kva kan og bør ein gje av informasjon?
  • Kva førestillingar og forventningar har barnet om kva som skal skje vidare?
  • Korleis avslutte samtalen på ein ivaretakande måte overfor barnet? 
     

Korleis snakke med barnet

Still opne spørsmål så langt det er mogleg, prøv å oppfordre til fri fortelling. "Fortell meir om det? Kva skjedde då? Korleis var det for deg?" Unngå å kommentere, vurdere og tolke det barnet seier.

Om det stoppar opp, gjenta det siste barnet seier. Det er bekreftande, og det kan av og til føre til at barnet held fram der det slapp.

Ver nysgjerrig og interessert, vis at du bryr deg og at du tåler å høyre.

Pass på at du ikkje tar over samtalen med dine eigne tankar og meiningar. Det er viktig å vere medviten om kva som er dine kjensler og kva som er barnet sine kjensler. Legg merke til både verbal og nonverbal kommunikasjon. 

Oppsummer di forståing for barnet og sjekk ut om du har oppfatta rett. "Eg høyrde/oppfatta at.." i staden for “du sa..”

Det kan vere naudsynt å tåle at det blir stille, vente på barnet, sette ned tempo og korte ned eiga snakketid.

Alltid vurder kva som er til barnet sitt beste. Aldri lov at du ikkje skal seie vidare det barnet fortel deg.


Handtering:


Er du ferdig med steg 2, gå vidare til steg 3.