Steg 5: Evaluering av Oppfølgingsplan

Før evalueringsmøtet med foreldre: 

  • Samle inn dokumentasjon/logg sidan førre møte. 
  • Gjer ei vurdering av om barnet/ungdommen skal delta i møtet. 

Evalueringsmøte med foreldra og eventuelt barn/ungdom: 

  • I kva grad har tiltaka hatt effekt? 
  • Er det teikn til at barnet sin situasjon er betre? 
  • Barnet/ungdommen har rett til å seie si meining i alt som vedkjem dei og ein skal legge vekt på meiningane deira, jf Barnekonvensjonen.  

Moglege utfall av evaluering: 

Tiltaka har hatt ønskt effekt, og uroa knytt til barnet/ungdommen er opphøyrd. Då vert oppfølginga avslutta og dokumentert i referat/eige dokumentasjonssystem. 

Tiltaka har hatt noko effekt. Skal ein halde fram med dei same tiltaka, justere dei eller nye tiltak? Avtal tid og stad for nytt evalueringsmøte.  

Tiltaka har hatt lite eller ingen effekt. Skal ein halde fram med dei same tiltaka, justere dei eller nye tiltak? Ved behov for bistand frå ei anna teneste, gå til steg 6.

Handtering: 


Er du ferdig med steg 5, gå til steg 6.