Steg 9: Melding til barnevernet

Barnevernet har ikkje høve til å seie om det skal bli send bekymringsmelding eller ikkje i kvar enkelt sak. Kvar enkelt fagperson er pliktig til å vurdere eigen meldeplikt.  Barnevernstenesta skal vurdere om meldinga vil bli undersøkt. Godt grunngjeve bekymringsmelding frå offentleg meldar vil i all hovudsak bli undersøkt 

Barnevernet har ikkje høve til å seie om det skal bli send bekymringsmelding eller ikkje i kvar enkelt sak. Kvar enkelt fagperson er pliktig til å vurdere eigen meldeplikt.  Barnevernstenesta skal vurdere om meldinga vil bli undersøkt. Godt grunngjeve bekymringsmelding frå offentleg meldar vil i all hovudsak bli undersøkt 

Utforming av bekymringsmelding:  

  • Per mai 2024 kan ein ikkje sende digital melding til Setesdal barnevern.  
  • Dersom meldinga skal til ein annen kommune/barnevernsteneste, kan du undersøke om det er mogleg å sende digitalt via lenka under (melde som fagperson/offentleg tilsett).  
  • I ditt dokumentasjonssystem ligg malen for melding til barnevernet. Fyll ut skjemaet, skriv ut og send i posten til: Setesdal barnevern, Postboks 4, 4746 Valle eller via altinn om ditt dokumentasjonssystem korresponderer.  
  • Les under om eventuell fysisk overlevering av meldinga i lag med føresette.  

 

Melde som privatperson

Melde som fagperson/offentleg tilsett

Er du barn eller ungdom

Møte med barnevernet:   

  • Det er mogleg å invitere barnevernet i overleveringa av bekymringsmeldinga. Det kan vere tryggande for foreldre å møte barnevernet andlet til andlet tidleg i meldeforløpet. Barnevernet vil gje informasjon om saksgang og moglege hjelpetiltak. Foreldra må få moglegheit til å avgjere om dei ynskjer eit slikt møte. Foreldra sitt ønske vert dokumentert i eige dokumentasjonssystem.   

Handtering:  

  • Skriv bekymringsmeldinga i mal for steg 9: Mal– Bekymringsmelding til barnevernet (DOCX, 30 kB) Dersom avtalt, i samråd med foreldra.  
  • Gjennomfør møte med barnevernet om avtalt, dokumenter i mal for steg 9: Mal – Møte med barnevernet (DOCX, 21 kB).
  • Kopi av bekymringsmelding til føresette med foreldreansvar. Hugs at om du er uroleg for vald eller overgrep i heimen, skal ikkje foreldra bli informert.    
  • Du skal alltid få tilbakemelding frå barnevernet om at dei har mottatt meldinga. Om du ikkje får ein slik tilbakemelding; følg opp! 
  • Oppfølging og tiltak opphøyrer ikkje sjølv om det er sendt bekymringsmelding til barnevernet.