Informasjon om barneverntenesta
Privatpersonar og offentlege instansar kan melde bekymringsmeldingar omkring eit barn dei er urolege eller bekymra for. Private meldarar kan velgje å melde til barneverntenesta anonymt.
Bekymringsmeldinga bør sendast skriftleg og skal innehelde kva ein er bekymra for kring det enkelte barn og eventuelle konkrete hendingar som kan byggje opp under den uroa ein har. Når barneverntenesta mottek ein bekymringsmelding er det lovfesta at barneverntenesta skal behandle meldinga innanfor 7 dagar etter motteke melding. Når barneverntenesta behandlar meldinga vurderar og avgjer dei om det er grunnlag for å opne undersøking etter barnevernlova.
Barneverntenesta opnar undersøking når det er rimeleg grunn til å tru at barnet er av behov for tiltak etter barnevernlova. Ei undersøking skal kartleggje kva som er barnets og familiens behov og korleis barneverntenesta kan hjelpe barnet og/eller familien. Ei undersøking skal ikkje gjerast meir omfattande enn naudvendig og skal fylgje minste inngreps prinsipp. Samtidig er barneverntenesta pliktige til å undersøkje omfattande nok til å kunne avgjere om barnet har behov for hjelp. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 mnd frå ein har konkludert bekymringsmeldinga og det skal fattast vedtak om enten hjelpetiltak eller henlegging av undersøkinga om det ikkje er behov for hjelp til barnet/familien. Barneverntenesta kan også vedta å henleggje undersøkinga om foreldre (eller partar i saka) takkar nei til hjelp og det ikkje er grunnlag for å tru at barnet tek skade av dette.
I særskilte tilfellar kan ein beslutte å utvide undersøkinga til 6 månedar. Dette kan typisk vere viss ein ikkje får kontakt med familien eller foreldre/barn motsett seg undersøking. Foreldre er pliktige til å bidra til å gjere undersøkinga så god som mogleg.
Når barneverntenesta har konkludert undersøkinga med at barnet er av behov for hjelp etter Barnevernlova kan barneverntenesta vedta tiltak. 70 % av borna som får hjelp av barneverntenesta mottek frivillige hjelpetiltak (altså at foreldre samtykker til tiltaka). Barneverntenesta kan hjelpe med slikt som:
- rettleiing til barn, foreldre og samarbeidspartnarar
- avlastning
- fritidstilbod til borna
- koordinering og ansvarsgruppe kring borna
Elles så skal barneverntenesta sette inn riktig tiltak/hjelp til riktig tid og skal vere fleksible slik at borna får den hjelpa dei har behov for i henhold til barnevernlova. Barneverntenesta kan også vedta i særskilte tilfeller at eit barn flyttar ut av heimen sin med foreldres samtykke.
Det er lovfesta at born over 15 år er part i eigen barnevernssak – det vil si at dei har rett til å klage på vedtak og/eller skal samtykke til tiltak som omhandlar dei sjølv.
I særskilt alvorlege tilfeller kan barneverntenesta begjære vedtak om at eit barn skal flytta frå sine foreldre. Dette gjeld når det er sannsynleg at eit born blir vesentleg skadelidande av å forbli i foreldra si omsorg. Born som flyttar heimanfrå skal først og fremst plasserast i fosterheim så langt det er mogleg. Barneverntenesta kan også tilby andre formar for omsorgstiltak slik som opphald på insititusjon, rusbehandling eller anna. Det er barnevernsnemnda som fattar endeleg vedtak om omsorgsplassering. Dette vedtaket kan ankast inn for domstolane. Foreldre (og partar i saka) har rett på advokat i slike tilfeller. Om omsorgstiltak gejnnomførast er det kommunen (herunder barneverntenesta) som overtek omsorgen for borna. Fosterheim eller institusjon har den daglege omsorgen på vegne av kommunen.
Barneverntenesta kan fatte vedtak om akutt omsorgsplassering utanfor heimen der det vert vurdert at barnet kan verte vesentleg skadelidande av å forbli i foreldrenes omsorg. Barneverntenesta skal sende akuttvedtaket til barnevernsnemnda innan 48 timar for godkjenning. Når barneverntenesta fattar akuttvedtak må dei innan 6 veker avgjere om det skal settast inn vidare omsorgstiltak utanfor heimen eller om det er tilstrekkeleg med hjelpetiltak i heimen.
Publisert 27.11.2023 14:33
Sist endra 24.01.2024 12:16