Valle kommune tilbyr to fritidsklubbar for barn og unge:
Juniorklubb for 5.–7. trinn
Ungdomsklubb for ungdomsskuleelevar og oppover
Organisering av klubbtilbodet
Vi valt å organisere klubbtilbodet slik at det blir eit stort arrangement kvar månad og eitt mindre arrangement. Målet er å skape god variasjon og gi barn og unge fleire spanande møteplassar gjennom våren.
Kva skjer på klubbane?
På klubbkveldane kan barn og unge delta i ulike aktivitetar som film, spel, hobbyverkstad, gaming, biljard, musikk, kunst og brettspel. Klubben er ein sosial stad der ein kan slappe av, møte vener og prøve nye ting.
Gjennom året arrangerer vi også temakveldar, fredagsklubb, konsertar, kulturaktiviteter og samarbeid med nabokommunar og kulturskulen.
Kor finn du informasjon?
All informasjon du som forelder – og barnet ditt – treng, blir lagt ut på Facebook-sida vår. Her publiserer vi oppdateringar om klubbkveldar, arrangement og andre viktige beskjedar.
👉 Lenke til Facebooksida
Ungdomscrew
Valle ungdomsklubb har eit eige ungdomscrew med og for ungdomar fra 8 klasse og oppover. Dei er med på å planlegge aktivitetar, bidra på arrangement og skape eit miljø som speglar ungdomane sine eigne ønskjer. Crew-et gir viktig medverknad og styrkjer fellesskapet i klubben.
Leiar
Isabel Eriksson er barne- og ungdomsarbeidar fram til juni. Ho er oppteken av å skape gode møteplassar for barn og unge, og arbeider for at alle skal kjenne seg sett og inkludert. Ingrid Graarud er også med på dei faste klubbkveldane.
Reglar som gjeld på klubben
Nulltoleranse for rus, mobbing, vald og kriminalitet.
Alle skal vise kvarandre respekt uansett etnisitet, politiske haldningar, kjønn og religion.
Mobbing og utestenging vil ein ta der og då i dialog med involverte. Ønsker ikkje involverte dialog må dei forlate fritidsklubben. Foreldre vil bli informerte.
Ved brot på reglane i forbindelse med rus, vald og kriminalitet vil foreldre bli kontakta. Politiet om det er alvorleg. Ein mogeleg konsekvens av regelbrudd er at ein ikkje kan være med på klubb i ein gitt periode. Det vil bli skreve avvik.
Brot på reglane vil få konsekvensar. Dette vil variere ved alvorsgrad.