Nydyrking

Dersom du ønsker å dyrke nye areal til jordbruksføremål må du søke kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking. Formålet med forskrifta er å sikre at nydyrking skjer på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskapsverdiane.

Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark blir ikkje rekna som nydyrking. 

Les meir om reglane for nydyrking og korleis du søkjer her

 

Forskrift om nydyrking