Dei som driv vanlig jordbruksproduksjon på ein landbrukseigedom, kan etter gjeldande regelverk søkje om produksjonstilskot. Det er to søknadomgangar for ordninga; 15.mars og 15.oktober, med ei felles utbetaling i februar året etter.
Om produksjonstilskot
Produksjonstilskot er ei felles nemning for fleire ulike tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke på. Føremålet med produksjonstilskot etter forskrifta er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk innanfor dei måsetjingar Stortinget har trukke opp. Det er delmål for kvar ordning, mellom anna å styrke og jevne ut inntektene mellom ulike produksjonar, skjøtte kulturlandskapet og stimulere til beiting. Tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ei refusjonsordning som skal gje jordbruksføretak moglegheit til å ta ut ferie og fritid.
Produksjonstilskot omfattar desse tilskotsordningane:
- Arealtilskot
- Kulturlandskapstilskot
- Tilskot for husdyr
- Tilskot for dyr på beite
- Tilskot for dyr på utmarksbeite
- Driftstilskot til mjølkeproduksjon
- Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
- Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
- Tilskot til bevaringsverdige husdyrraser
- Arealtilskot til økologisk landbruk
- Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
- Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønnsaker
Du søker også om tilskot til avløysing ved ferie og fritid i same skjema.
Det er to søknadsfristar og ei utbetaling av produksjons- og avløysertilskotet per år. Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars. Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15. oktober, med teljedato 1. oktober. Ved del 1 av søknaden er det husdyrprodusenter som kan levere søknad. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.
Det er kommunen som handsamar søknadar om produksjonstilskot. Ta kontakt med jordbruksrådgjevar dersom du har spørsmål til ordninga eller ønsker rettleiing til søknaden.
Søknadsskjema produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
Publisert 09.11.2023 14:04
Sist endra 22.11.2023 18:56