Spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL-tilskot

Føremålet med SMIL-tilskotet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Om SMIL tilskot

Dette kan du søke om tilskot til:

  • Kulturlandskapstiltak
  • Planleggings- og tilretteleggingstiltak
  • Forureiningstiltak

Kven kan søke?

For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigedom, og det må føregå ein tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på landbrukseigedomen. Eigar som sjølv ikkje driv areala kan søke om tilskot dersom det blir drive tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på eigedomen. Leigetakar til det tilskotsberettiga arealet kan og søkje dersom det føreligg godkjenning frå eigar.

Søkjar må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eigd og leid jordbruksareal som føretaket disponerar. Kulturminner, og områder som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoffar og andre forhold av miljømessig betydning skal vere kartfesta og skildra.

Søknadsskjema i Altinn