Fakturaer og betalingLytt til tekstenStopp avspilling KontaktTelefon: 37 93 75 00E-post: post@valle.kommune.no Fakturaadresse:Valle kommunePostboks 4, 4746 ValleE-post til fakturamottak er: faktura@valle.kommune.noOrganisasjonsnummmer964 966 575Bankkonto 2890.11.26153 OCR-kontoIBAN: NO9328901126153BIC/Swift: VSPANO21XXX Forfallsdato på kommunale avgifterKommunen sender ut faktura 4 gonger i året med forfall etter 20.Fleksibel faktureringMe tilbyr og andre terminval. Du kan då velje mellom:Faktura 1 gong i åretFaktura 12 gonger i åretKva gjer du om du ynskjer å endre fakturafrekvens frå 4 gonger i året til månadleg eller årleg fakturering:Gå inn på MinEigedomLøysinga gjev mellom anna informasjon om eigedomen, kart, bygningar med bygningsnummer, vatn- og avlaup, renovasjon, vassmålar og feiing. I tillegg kan ein få innsyn i faktura for kommunale avgifter. I MinEigedom får du også tilgang til saksdokument. Når vert terminane fakturert:Når vert terminane fakturert:Antal terminerForfall1Desember4Mars, juni, september, desember12Kvar månad Endre eigar eller fakturamottakar kommunale avgifterEndre fakturamottakarSom tinglyst eigar står du ansvarleg for å betale dei kommunale eigendomsgebyra. Det er tinglyst eigar som er den ansvarlege.EigarskifteGebyrsystemet vert oppdatert med tinglyst eigar før kvar utfakturering av kommunale eigendomsgebyr, slik at du ikkje treng informere om ny eigar. Ved eigarskifte må tidlegare eigar og ny tinglyst eigar bli einige om fordelinga på avgifta, då kommunen ikkje deler opp faktura.Kommunen har automatisk legalpant i bustaden eller eigedomen din. Det betyr at dersom du ikkje betaler kommunale avgifter, kan kommunen sikre kravet sitt ved å krevje inn pengane gjennom pantet i eigedomen.eFakturaFor å få eFaktura frå Valle kommune må du sjølv slå på «Ja takk til alle» i nettbanken. Då kan kommunen bruke dei vanlege kontaktopplysningane dine til å sende rekningar som eFaktura.Du får eFaktura rett i nettbanken, mobilbanken eller Vipps, der du godkjenner eller slettar ho. Det gjer betaling enklare og reduserer talet på papirrekningar.Merk: eFaktura fungerer berre når rekninga er knytt til eit personnummer. Verksemder må bruke EHF‑faktura.Papir i postkassaDu får faktura med post om du ikkje har oppretta Avtalegiro eller eFaktura i nettbanken din.EHF-fakturaDersom verksemda dykkar kan ta imot faktura i EHF-format, vil de få faktura frå oss i dette formatet. Opplys kva faktura skal merkast med, til dømes namn, avdeling, referansenummer o.l., slik at faktura kjem til rett plass hjå dykk. Informasjon om merking kan sendast til: faktura@valle.kommune.noBruk KID-nummer ved betalingFor å sikre at innbetalinga di automatisk blir registrert og knytt til rett faktura, ber vi deg om å alltid bruke KID-nummeret som står oppført på fakturaen.Dersom du ikkje brukar KID-nummer, må innbetalinga merkast tydeleg med fakturanummer eller annan relevant informasjon, slik at vi kan identifisere kva den gjeld.Purring og inkassoDersom fakturaer frå kommunen ikkje vert betalt innan forfallsdato, vil det bli sendt ut purring og inkassovarsel. Eit purregebyr vert lagt til ved kvar purring.Dersom kravet framleis ikkje er betalt etter siste varsel, vil det bli overført til Kreditorforeningen SA for vidare oppfølging. Ved overføring til inkasso vil det kunne påløpe ytterlegare kostnader i form av salær og renter.Vi oppmodar alle om å betale innan forfall for å unngå meirkostnader ved purring.Spørsmål vedr. saker som er overført inkassosaker rettast til Kreditorforeningen SA.Kreditorforeningen SAE-post: postkreditor@kred.no Telefon: 02456