Adressering av fritidsbustader

Innføring av vegadresser for fritidsbustader i Valle kommune

Valle kommune går over til å bruke vegadresser for fritidsbustader.

Vegadresser er den mest moderne og presise adressetypen i Noreg. Dei består av eit vegnamn (til dømes Bjørnevassvegen) og eit husnummer (til dømes 12), slik at kvar adresse blir unik og lett å kjenne att. Desse erstattar dei gamle matrikkeladressene 

Vegadresser er viktige for nødetatar, post og leveringstenester.

Her finn du rapportar med alle adressane per veg.  Slå opp på gards- og bruksnummeret til din eigedom for å finne kva for husnummer du har fått. 

 

For å sjå adressa saman med bygningane dine kan du bruke dette kartet

Søk opp din eigedom eller zoom til den i kartet. Velg kva for veg du ønsker å sjå adressene for i menyen på høgre side, under “Kartlag”. Zoom inn til du ser nummeret. Om du treng å slå på Kartlags-menyen igjen (den forsvinn viss du søker eller trykker i kart), er det berre å trykke på knappen øvst til venstre, der du ser kommunevåpenet.

 

Kva betyr dette for deg?

  • Du får ny adresse knytt til den vegen som er godkjent som tilkomst til eigedomen.
  • Vegnamn og skrivemåte er allereie vedtekne av kommunestyret.

Adresseskilt

  • Huseigar må setje opp nummerskilt:
    • Kvitt med reflekterande botn
    • Svarte tal
    • 15 cm høgt
  • Skiltet skal vere godt synleg, også i mørket.