Private forslagsstillarar som ønskjer å starte ein planprosess skal sende eit planinitiativ til kommunen seinast samtidig med førespurnad om oppstartsmøte etter plan- og bygningslova § 12-8 første ledd andre punktum. Det er ønskjeleg at forslagsstillar søkjer dialog med kommunen tidleg i arbeidet med planinitiativet for å avklara forventningar og omfang, og at dette m.a. blir tilpassa kompleksiteten i prosjektet og lokale forhold. Planinitiativet skal i nødvendig grad omtala premissane for det vidare planarbeidet, og gjera greie for
• Formålet med planen
• Planområdet og om planarbeidet vil få verknader utanfor planområdet
• Planlagt busetnad, anlegg og andre tiltak
• Utbyggingsvolum og byggjehøgder
• Funksjonell og miljømessig kvalitet
• Tiltakets verknad på, og tilpassing til, landskap og omgivnader,
• Forholdet til kommuneplan, eventuelle gjeldande reguleringsplanar og retningslinjer, og pågåande planarbeid
• Vesentlige interesser som blir ramma av planinitiativet
• Korleis samfunnstryggleik skal varetakast, mellom anna gjennom å førebyggja risiko og sårbarheit
• Kva for nokre ramma offentlege organ og andre interesserte som skal varslast om planoppstart
• Prosesser for samarbeid og medverknad frå ramma fagstyresmakter, grunneigarar, festarar, naboar og andre ramma
• vurderinga av om planen er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiingar, og korleis krava i tilfelle kan bli vareteke.
I tillegg ønskjer Valle kommune at planinitiativ skal innehalda følgjande
• Kart med forslagsstillars forslag til planavgrensing.
• Skisser/ illustrasjonar av ønsket tiltak dersom det ligg føre.
• Kva infrastrukturtiltak (teknisk og grøn infrastruktur) er tenkt regulert og opparbeidd?
• Ei skildring av moglege konsekvensar for klima og miljø, t.d. klimagassutslepp, under dette arealbruk, transport, natur (nedbygging av ulike markslag), gjenbruk (sirkulærøkonomi), destruksjon, materialval, naturmangfald, vassforskrifta § 12 osb.
• Beskrivelse av spesielle løysingar for å redusera energiforbruk/ leggja til rette for fornybar energiproduksjon.
• Er det spesielle utgreiingar som bør gjennomførast som ein del av planarbeidet?
• Er det andre grunneigarar eller rettshavarar enn forslagsstillar innanfor foreslått planavgrensing?
• Forslag til overordna framdrift.
• Eventuelt andre materiale/ andre opplysningar som fôreslagsstiller meiner er relevant.