Unntak frå krav i TEK17 for tiltak i eksisterande bygg:
Skal du byggje om, rehabilitere (så omfattande at det blir søknadspliktig) eller endre bruken av eksisterande bygg, og du ikkje klarer å oppfylle krava i TEK17 fullt ut, kan du søke om unntak etter pbl § 31-2 fjerde ledd. Vilkåra for unntak frå TEK17 er annleis enn vilkåra for dispensasjon. Du finner meir informasjon om vilkåra for unntak og korleis gå fram for å søke om dette i Eksempelsamling om anvendelse av byggereglene ved arbeid på eksisterande byggverk - pbl § 31-2.
Mindre reguleringsendring:
Nokre gonger vil det å søke om ei mindre reguleringsendring, jf. pbl § 12-14 andre ledd, vere eit riktigare og betre alternativ enn å søke om dispensasjon. Det er tilfelle om planbestemmelsen du ynsker så søke permanent dispensasjon frå er ein bestemmelse som mange andre i same område allereie har fått dispensasjon frå, og/eller fleire vil komme til å søke om. Altså når det eigentleg er behov for å endre noko i planen permanent slik at det ikkje er lenger er naudsynt å søke om dispensasjon. Om dette er tilfelle, og du likevel først søker om dispensasjon, kan det vere at du får beskjed frå kommunen om at du heller må søke om en reguleringsendring.
Med mindre endring meinast endringar som ikkje har nemneverdig betyding for noe berørte parters interesser. Med parter meinast naboar, fagmyndigheter og andre som kan bli berørt. Ofte kan endring av det som allereie ligg i planen gjerast som mindre endringar. Eksempelvis ei mindre justering av grensa mellom to formål, ei mindre justering av byggegrenser og frisiktsoner, ei mindre justering av lovleg grad av utnytting o.l. Innføring av nye element, eller større endringar som for eksempel endring av føremål (eksempelvis frå bustad til forretning), kan vanlegvis ikkje vert utført som mindre endring. Det må gjerast som ei ordinær reguleringsendring, jf. pbl § 12-14 første ledd.
Om du ser at det du ynsker så søke dispensasjon frå i ein reguleringsplan truleg heller bør gjerast som ei endring av planen anbefaler vi at du i første omgang kontaktar kommunen for å avklare om du kan gå vegen om ei mindre reguleringsendring, eller om det er snakk om en ordinær endring av planen. Det er til ei viss grad opp til kommunens skjønn å avgjere dette. Er konklusjonen at du må om endring av reguleringsplanen er neste skritt å søke hjelp hos nokre med planfagleg kompetanse for hjelp til utforming av søknaden og til søknadsprosessen. Ordinær reguleringsendring fylgjer same saksgong som en ny reguleringsplan og avgjerast av kommunestyret. Ein mindre vesentlig endring kan avgjerast av kommunestyret eller eit underutval .