Reseksjonering

Kva er reseksjonering, og når er det naudsynt?

  • Å reseksjonere er når du formelt og juridisk omgjer ein allereie seksjonert eigedom.
  • Dersom du ynskjer å endre eigedomen sitt areal og bruksområde må du reseksjonere.
  • Når ein skal slå samman to eller fleire seksjonerte einingar, bytte bodar, parkeringsplassar eller visst delar av fellesarealet skal vere ein tilhøyrande del til ein av seksjonane.

Korleis reseksjonere

Når du skal reseksjonere ein eigedom må du fylle ut ein reseksjoneringssøknad:

Finn informasjon og søknadsskjema i Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering

 

Dokumentasjon til søknad

  • Eksisterande tinglyst seksjoneringssøknad. Både situasjonsplan og planteikningar.
  • Situasjonskart som syner eigedomsgrenser og busetnad på eigedomen.
  • Planteikningar over alle etasjane i bygningen som syner endringar mellom brukseiningar og fellesareal. Teikningane skal tydeleg vise dei nye grensene for brukseiningane av dei einskilde roma.

 

Send inn søknad

Søknad med vedlegg sender du i to eksemplar med original signatur til:

Valle kommune

Postboks 4

4746 Valle