Når ein seksjonerer uteareal, vil areala bli tinglyst som tilleggsarealer til seksjonene. Dette betyr at seksjonane får eksklusiv einerett til bruk av arealet.
I utgangspunktet står ein fritt til å fordele utearealet sjølv, men det er likevel nokre vilkår som må vere oppfylt:
- Alle som eig ein seksjon skal ha moglegheit til å kome fram til eigen seksjon frå fellesarealet.
- Uteareal som er vedteke som fellesareal i byggjeløyve eller reguleringsplan kan ikkje bli fordelt til einskilde seksjonar. Desse må framleis vere fellesareal.
- Om felles stoppekran og felles sikringsskap er plassert utandørs, må dette arealet vere fellesareal.
Slik søkjer du
Ein søkjer om seksjonering av utearealet ved å fylle ut søknadskjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning og sendar det saman med seksjoneringsøknaden/reseksjonering.
Lenke til søknadsskjema
Oppmålingsforretninga må vere gjennomført før seksjoneringa kan bli ført i matrikkelen, og før seksjoneringsbegjæringa kan bli sendt til tinglysing.
Dokumentasjon til søknaden
- Situasjonskart der det er teikna inn fordelinga av uteareala. Det må vere markert tydeleg for kvart uteareal med «seksjonsnummer» og fellesareala med «fellesareal»
Dersom areala er koordinatfesta i plan eller allereie oppmålt, kan ein dele opp utearealet digitalt utan oppmålingsforretning.
Send inn søknad
Søknad i to eksemplar med vedlegg skal du sende til:
Valle kommune
postboks 4
4746 Valle