Søk om spelemidlar

Spelemidlar er ei viktig kjelde til finansiering av anlegg og arenaer for kultur og fysisk aktivitet i Noreg. Midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping og blir forvalta av fylkeskommunane i samarbeid med kommunane.

Kva kan ein søkje støtte til?

Det finst to hovudordningar for spelemidlar:

Spelemidlar til kulturarenaer: Desse midlane skal bidra til bygging og rehabilitering av kulturhus, flerbrukslokale og andre arenaer for kunst og kultur. Kommunar, stiftingar, lag, foreiningar og organisasjonar kan søkje. Prosjektet må vere fullfinansiert, og tilskotet kan utgjere inntil 1/3 av godkjende kostnader.
Les meir hos Agder fylkeskommune

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet: Ordninga støttar bygging og rehabilitering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. Målet er å leggje til rette for både organisert og eigenorganisert aktivitet, særleg for barn og unge.
Les meir hos Agder fylkeskommune

Viktig å vite

  • Søknadsprosessen startar i kommunen. Ta kontakt med kommunen for rettleiing og fristar.
  • Kommunen sender vidare godkjende søknader til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år.
  • Det finst nasjonale retningslinjer som regulerer kven som kan søkje, kva det kan søkjast om, og krav til dokumentasjon.
    Sjå dei nasjonale bestemmelsane for 2025 (PDF)

Har du spørsmål eller ønskjer hjelp med søknadsprosessen? Ta gjerne kontakt med kommunen.