Søknad om utviklingsstipend innafor idrett og kultur

Valle kommune deler kvart år ut utviklingsstipend til unge talent innanfor idrett og kultur. Fordelinga skal i utgangspunktet vere likt fordelt på kultur og idrett, med høve til justeringar ved oversøking til ei av ordningane og undersøking til den andre. Total sum til utdeling: kr. 90 000.

Unge utøvarar som satsar innan idrett og kultur i alderen 16-25 år kan det året dei fyller søkje om utviklingsstipend frå Valle kommune. Det kan delast ut maksimum kr 45 000 per utøvar, minimum kr 20 000. Maksimumsbeløp og øvre aldersgrense kan i særlege tilfelle justerast ved deltaking på internasjonalt nivå.

Vurderingskriterium

Ved vurdering av stipendbeløp skal følgjande kriterium vektast: 

- Resultatoppnåing siste 12 månader

- Trenings-/øvingsfrekvens 

- Utviklingspotensial og målsettingar 

- Eventuell tidlegare stipendbruk og rapportering

 

Ved gjentatt søknad frå same utøvar skal det gjerast ei heilskapleg vurdering av utvikling og prestasjonar sidan førre stipend. Søkjarar som ikkje har fått stipend tidlegare skal prioriterast dersom søkjarane elles stiller likt.

Maksimumsbeløp skal berre tildelast ved dokumentert svært høgt prestasjonsnivå og/eller deltaking på nasjonalt/internasjonalt nivå. Det skal alltid vurderast om beløpet står i forhold til innsats og måloppnåing.

Kriterium for idrett

- Utøvar må vere heimehøyrande i Valle kommune

- Resultatoppnåing i større meisterskap (minimum på krets-/regionalt nivå)

- Målretta trening gjennom heile året

- Kortsiktige og langsiktige målsettingar

- Eigenerklæring om haldningar i tråd med Norsk idrettsforbund sine verdiar om antidoping

Kriterium for kultur

- Utøvar må vere heimehøyrande i Valle kommune

- Ambisjonar om å nå profesjonelt nivå innan musikk, dans, scenekunst, kunst eller skrivekunst

- Aktiv kulturutøving gjennom heile året

- Kortsiktige og langsiktige målsettingar

- Det kan tildelast studie-/arbeidsstipend til tidsavgrensa prosjekt

Søknadsprosess

Søknad skal sendast via elektronisk skjema på Valle kommune si heimeside, og søkjar må sende søknad personleg. Søknaden må vere korrekt og fullstendig utfylt. Ved gjentatt søknad skal rapport for bruk av tidlegare stipend og måloppnåing fyllast ut.

Søknadsfrist: 15. mars.

Fagleg vurdering og uttale

Ved tildeling av idrettsstipend skal Valle idrettsråd uttale seg, eventuelt i samråd med aktuelt fagmiljø. Ved tildeling av kulturstipend skal leiar Kultur og fritid uttale seg, eventuelt i samråd med aktuelle fagpersonar.

Prinsipp for tildeling

Tildeling av utviklingsstipend skal vere rettferdig, transparent og basert på fagleg vurdering av noverande nivå og innsats. Det skal leggjast vekt på å støtte unge talent som viser innsats, utvikling og ambisjonar, uavhengig av tidlegare tildelingar.

Stipenda skal føretrinnsvis delast ut ved personleg oppmøte.

Sist revidert av levekårutvalet i PS 14/26, 11.02.2026

Søknadsskjema er berre aktiv frå 1. januar fram til søknadsfristen 15. mars.