Valle kommune har søkt den nasjonale tilskotsordninga Kulturrom om og fått tilsagn på eit tilskot på 1,4 mill. kr. til ljos, lyd og scene i det nye Valle kultursenter.
– Heilt fantastisk, i Valle blir nok tidsrekninga etter kvart før og etter det nye kulturhuset, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.03.2025 10:54
Sist endra 27.03.2025 10:54

Kulturrom er tilskotsordninga for teknisk utstyr og lokalar, og skal bidra til meir utøving av musikk, teater og dans landet rundt. Ordninga vart etablert i 2009, som Musikkutstyrsordninga. I 2024 blir det delt ut 64 mill. kr. 1,4 av desse går altså til nye Valle kultursenter som skal vere ferdig våren 2026.
– Framtidsretta løysingar
Kulturleiaren i Valle kommune jublar over tildelinga.
– Endeleg får me eit lokale for dei verkleg store konsertane, teater og dans! Dette veit eg at alle ser fram til, både våre dyktige frivillige og fastbuande elles. Me har eit sers aktivt kulturliv i kommunen, og nybygget vil utan tvil heve nivået ytterlegare. Med tilskotet frå Kulturrom blir me i stand til å satse på gode og framtidsretta løysingar. Tilskotet er ekstra viktig for oss i og med at me skal byggje ikkje bare ein multifunksjonell kultursal og scene, men også eit separat aktivitetslokale som skal bli møtestad for ungdomen vår. Også dette lokalet krev mykje utstyr, seier ho.
Nyberg legg til at med tilskotet kan ein gå til innkjøp av heilskapelege løysingar i staden for “stykkevis og delt”.
– Frå morgon til kveld
Torunn Charlotte Nyberg seier at nye Valle kultursenter skal vere ein møtestad og eit ope hus.
– Eg veit at eg snakkar på vegne av mange når eg seier at det er eit mål at kulturhuset skal fyllast av aktivitet frå morgon til kveld. Ikkje minst skal born og unge ha sin plass der, og talet på born og unge som er med på organiserte aktivitetar skal auke. Med tilskotet frå Kulturrom er me eit solid steg vidare i prosjektet, seier ho.