1. desember er røykvarslarens dag

Sjølv om det er ei stund til er det på sin plass å minne om røykvarslarens dag 1. desember. Røykvarslar er eigenberedskap godt som noko!

Det er viktig å sjekke røykvarslarane, og å skifte batteri med jamne mellomrom. - Klikk for stort bileteDet er viktig å sjekke røykvarslarane, og å skifte batteri med jamne mellomrom.

Landet over skal det den dagen skipast til arrangement på alt frå skular til alderheimar, alt med mål om å minne om noko som skulle vere enkelt, men som kan vere fort å gløyme: røykvarslarar redder liv! Så er det heller ikkje nok å ha røykvarslarar på plass, ein må hugse å byte batteria med faste mellomrom. Det er tankevekkande at 50% av alle dødsbrannar skjer i hus der røykvarslarane ikkje fungerer.

Høgaste punkt i taket

På sikkerhverdag.no kan ein lese råd og vink om bruk av røykvarslar. Noko av det viktigaste er at varslaren bør settast på høgste punkt i taket, minst ein halv meter frå vegg. Ein bør ha minst ein varslar i kvar etasje, og i hus med meir enn ein etasje er det lurt å plassere varslarane nær trapp, slik at lyden høyrast betre mellom etasjane.

HER er råd for å forebygge brann på sikkerhverdag.no