1. oktober er søknadsfrist for "Ymse tiltak, arrangement og prosjekt"!

På heimesida til Valle kommune ligg det søknadsskjema for ulike støtteordningar. Søknadsfrist for tilskot til “ymse tiltak, arrangement og prosjekt” er 1. oktober! Den fristen bør ein halde, for neste frist er ikkje før 1. april, så har ein tenkt å søke om tilskot til eit eller anna tiltak eller prosjekt må ein tenke seks månader fram!

Henri Tore Viki i Valle kommune minner om søknadsfrist 1. oktober på tilskot til "ymse tiltak, arrangement og prosjekt". Ole Birger Lien

Føremålet med denne støtteordninga er å fremje trivsel og livskvalitet blant innbyggjarane i kommunen ved å støtte opp om lokale initiativ og prosjekt som bidreg til eit aktivt og inkluderande nærmiljø. 

Støtteordninga skal spesielt:

Styrkje frivilligheita ved å gi økonomisk støtte til lag og foreiningar som tilbyr aktivitetar og tenester til kommunens innbyggjarar. Fremje inkludering og mangfald ved å støtte tiltak som rettar seg mot sårbare grupper og som bidreg til sosial integrasjon. Bidra til eit trygt og godt oppvekstmiljø ved å støtte aktivitetar for barn og unge, med særleg vekt på førebyggjande tiltak. Stimulere til auka deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar ved å gi støtte til arrangement, prosjekt og andre tiltak som gjer kultur- og fritidstilbodet i kommunen meir tilgjengeleg for alle. Styrkje kommunen ved å støtte tiltak som bidreg til lokal samfunnsutvikling og som gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide, og set kommunen på kartet.

Økonomisk ramme

Til eikvar tid er gjeldande budsjettramme styrande for handsaming og tilråding av søknader.

Andel av totalkostnad:

Hovudregel 25%. I tilfelle der søknaden tilfredstiller fleire av kriteria kan ein høgare andel vurderast.

LOGG DEG INN OG FINN UT MEIR!