10. klasse i Valle markerte Friluftslivets år

Nyleg markerte 10. klasse ved Valle skule friluftslivets år med frisk tur til Harstadskogen!

10. klassingane som markerte Friluftslivets år i Valle - med friluftstur! - Klikk for stort bilete10. klassingane som markerte Friluftslivets år i Valle - med friluftstur! Valle skule

Vel framme vart det fyrt opp bål, og på bålet vart det kokkelert på ypperste vis! Pakka inn i aluminiumsfolie vart både laks, kylling og grønsaker grilla til smakeleg skogslunsj! Legg til brownie sjokoladekake i appelsin, så har du oppskrifta på ein fin tur!

Natursti

Etter grilling og ikkje minst eting hadde elevane natursti med spørsmål frå faga mat og helse og naturfag. Med strålande sol som ramme vart markeringa av Friluftslivets år ein skikkeleg friluftsdag!

Kokkelering på høgt nivå vart det også tid til! - Klikk for stort bileteKokkelering på høgt nivå vart det også tid til! Valle skule