10.-klassingane på flaskejakt denne veka
10. klasse ved Valle skule skal på tur med Aktive Fredsreiser til Polen til våren, og er no i full gang med å skaffe pengar til reisebudsjettet.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.10.2025 12:11
Sist endra 14.10.2025 12:11
Ole Birger Lien
Denne veka, fram til og med fredag 17. oktober, er dei rundt om i Valle og Hylestad og samlar inn tomgods. Flasker og boksar, alt pantbart er av interesse.
Kan sette det klart
For den som ikkje er heime, men vil vere av med tomgods, er det bare å sette det i ein pose på trappa, så tar 10.-klassingane seg av resten.