2G-mobilnettet er på veg ut
Frå august 2025 stenger Telia sitt 2G mobilnett, og Telenor fylgjer etter på tampen av 2027. Ulikt utstyr vil då slutte å fungere.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.06.2025 09:08
Sist endra 04.06.2025 09:08
Telia/Telenor
Utstyr som etter nedlegginga ikkje vil fungere er mellom anna eldre mobiltelefonar som ikkje støttar 4G/5G, ulike alarmsystem og somme tryggleiksalarmar, heisalarmar og sensorar. Telia og Telenor har etablert ei eiga informasjonsside på nett der ein kan lese meir.
HER finn du informasjonssida.