4. klasse ved Valle skule er med i Batterijakten!

4. klasse ved Valle skule er med i Batterijakten, og samlar inn batteri fram til 22. mars. Viss du har batteri du vil vere av med, er dei klare til å ta imot!

4. klasse ved Valle skule er med i Batterijakten. Her eit knippe av dei. Frå venstre: Tellef Bakke Harstad, Åse-Margit Kiland Bjåen, Anna Malena Eikholm Tveiten, Anja Åkre og Sigrid Johre-Øygarden. - Klikk for stort bilete4. klasse ved Valle skule er med i Batterijakten. Her eit knippe av dei. Frå venstre: Tellef Bakke Harstad, Åse-Margit Kiland Bjåen, Anna Malena Eikholm Tveiten, Anja Åkre og Sigrid Johre-Øygarden. Valle skule

Viss ein ikkje finn tak i ein av 4. klassingane kan ein også bare legge batteria ved inngangspartiet ved skulen. Batterijakten er ei tevling alle 4. klassar landet rundt kan vere med på. Poenget er sjølvsagt å samle inn batteri til attvinning.

Lære om ressursbruk

I tillegg til gevinsten ved å få inn batteri til attvinning lærer elevane som er med mykje om ressursbruk og korleis ein skal ta vare på planeten vår. Batteri ute i naturen er ein uting, og elevane i Valle gjer no sitt! I og med at det kan vere energi att i brukte batteri, bør polane dekkast til med tape. Er det lekkasje i eit batteri må ein bruke hanskar viss ein skal handtere dei. Så no er det å glo i skåp og skuffar, finne fram brukte batteri, og sjå til at gjengen i 4. klasse får dei før 22. mars.!