Å Energi åtvarar om usikker is

Å Energi åtvarar no om usikker is på regulerte vatn og elver.

Regulerte vatn, elver og som her heievatn, kan ha usikker is. Difor må ein alltid passe på, melder Å Energi. - Klikk for stort bileteRegulerte vatn, elver og som her heievatn, kan ha usikker is. Difor må ein alltid passe på, melder Å Energi. Ole Birger Lien

Kraftselskapet peikar i tillegg til regulerte vatn på mellom anna Otravassdraget som eit vassdrag der ein skal ha dette i mente. 

Også heievatn

I regulerte vatn veit ein at vasstand og is kan vere skiftande. Også i elvene må ein passe på, til dømes ved bekkar og utløp. Ikkje minst bør ein ha dette i mente på heia. Sjølv om ein rundt om stort sett finn solid is, kan ein aldri vere for forsiktig!