Å Energi åtvarar om usikker is

Den siste tida med kuldegrader og nedbør blir no endra til mildver og skiftande forhold. Å Energi åtvarar om usikker is.

Det er først og fremst isen på regulerte vatn Å Energi åtvarar om. Prinsippet gjeld likevel også på annan is. Med mildver kan det oppstå råker og sprekkar - så om ein er på ski eller på annan måte ferdast på islagte vatn må ein passe på.

På Varsom.no kan ein både få isvarsel og lese viktige huskereglar for den som skal ferdast på is. Isvarsling på Varsom.no finn du HER

På regulerte vatn er faren for usikker is større enn på vatn som ikkje er regulerte. HER finn du meir informasjon om is og regulerte vatn.