Aktiv ferieveke for 5.- 7. klasse ved Valle skule!

Nyleg hadde Valle skule såkalla aktiv ferieveke for alle elevane i 5.- 7. klasse. Det vart dagar prega av mykje moro inne og ute.

5.- 7. klasse ved Valle skule i Aktiv veke denne veka. - Klikk for stort bilete5.- 7. klasse ved Valle skule i Aktiv veke denne veka. Valle skule

Valle skule plar skipe til aktiv veke både i haustferien, vinterferien og altså litt om sommaren. Bakgrunnen er mellom anna å leggje til rette for aktivitetar, motverke einsemd og ikkje minst sjå til at den såkalla skjermtida på elevane blir litt redusert!

Buldring og kokkelering

I løpet av veka har elevane spelt minigolf, fotballgolf, dei har klatra og prøvd seg på buldring, spelt freecebegolf og ikkje minst laga mat. Med ei eiga kjøkkengruppe i sving og mykje moro er den aktive veka ein sosial arena elevane får av seg sjølv i skuleåret, men som kan hende er litt vanskelegare å få til i feriane. Både med tanke på forebyggjing og trivsel er dette svært inkluderande tiltaket ved Valle skule ein vinn-vinn-situasjon for alle. Det viste seg då også i entusiasmen elevane la for dagen - her var det full rulle veka gjennom!

 

Fresbeegolf var ein av mange populære aktivitetar. - Klikk for stort bileteFresbeegolf var ein av mange populære aktivitetar. Valle skule