Alle grendehus i Valle kommune får 20.000 kr.
Under budsjettmøtet i Valle før jol gjekk dei folkevalde inn for at alle grendehus i kommunen skal få eit driftstilskot på 20.000 kr. i år. No blir pengane utbetalt.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.03.2024 10:25
Sist endra 19.03.2024 10:25
Homme og Tveitebø grendehus i Valle er eitt av fem som får driftstilskot av kommunen.
Privat
I vedtaket slår kommunestyret fast at grendelag og frivilligheit bidreg til levande lokalsamfunn og ikkje minst trivsel i bygd og grend.
– Grendehusa er ein god møteplass som bør støttast opp om, heiter det.
Den årvisse driftsstøtta går til alle dei fem grendehusa i kommunen, Treungen, Fjellro, Brokke/Garane, Homme og Tveitebø og Oveinang. Kvart grendehus får altså 20.000 kr. kvar.