Det er vanleg opningstid i Valle legekontor att frå måndag 6. mai.
Anette Brottveit
Kommuneoverlege og fungerande helsesjef i Bykle og Valle, Kjetil Juva, gler seg over at det så raskt vart funne ei løysing.
– Det har fungert med drift frå legekontoret i Bykle, men me vil jo helst ha så ordinær drift som råd. Det får me altså att frå måndag, seier han.
Det betyr ope kvar veke ved legekontora i Valle og på Hovden, og dessutan ope kvar onsdag ved Bykle legekontor.
HER er heimesida til helsetenesta i Bykle og Valle
Telefon legevakt: 116117
Kommuneoverlege og fungerande helsesjef i Bykle og Valle, Kjetil Juva, gler seg over at det frå måndag 6. mai er ordinær drift ved legekontora i dei to kommunane.