Det ligg an til ein kjempedag med strålande ver i heile landsdelen 17. mai! I Valle kommune ventar eit tettpakka program! Med grytidleg start på skramletoget, festtalar, kulturinnslag, prisutdelingar og leik og moro kan store og små sjå fram til ei innhaldsrik nasjonaldagsfeiring i soknehuset på Rysstad og elles rundt om i kommuen. Årets festtalar er byglendingen Torbjørn Frøysnes, tidlegare ambassadør og politikar, som held sin festtale klokka 12.45.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.05.2025 09:20
Sist endra 14.05.2025 09:20
Det ligg an til strålande 17. mai-feiring i Valle kommune laurdag. Her frå feiringa i fjor.I heile kommunen går det føre seg feiring i høve nasjonaldagen. Den som ikkje finn noko av interesse i dette programmet, er god! Det heile brakar laus med skramletog frå Eikensenteret på Rysstad klokka 07. Klokka 10 er det oppstilling av veterankøyretøy og bilar på Rysstadmo, og halvtimen seinare går biltoget Rysstad-Valle-Rysstad. Det har blitt ein fin tradisjon at også bilane får finstasen på denne dagen - og seinare på dagen vankar det premie til finast pynta bil. Agder motorhistoriske klubb leier kortesjen. På tilbaketuren blir det stopp ved Valle kyrkje, der 9. klasse legg ned bautakransar.
Tale ved bauta
Klokka 12 er det tale og kransenedlegging ved bauta ved Hylestad kyrkje, og rett etter talen startar 17. mai-toget. I år vil dei tre klassane som går finast i toget få premie i etterkant, i form av eit tilskot til klassekassa. Matsalet i soknehuset tar til samstundes, med alt frå lapskaus til kaker og is, og klokka 12.45 ventar to innslag der. Valle leikarring skal vise kva dei kan, og etter leikarringen held Torbjørn Frøysnes tale for dagen. Frå klokka 13 er det leikar og aktivitetar, før festprogrammet i soknehuset tar til klokka 15.30. Der er Valle kulturskule, det blir premieutdeling for finast pynta bil og skytetevling, Valle kommune sin byggeskikkpris skal delast ut - og ikkje minst kulturprisen for 2025. Etter festprogrammet blir det ei enkel gudsteneste ved prest Toralv Frøysaa Lie.
Grilling i Valle
Klokka 18 byr FAU inn til grilling ved stadion i Valle - hugs å ta med mat, drikke og stolar! Valle Radio har sending heile dagen - og det er er eit eige program ved Valle bygdeheim. Der skal ordførar Lars Tarald Myrum tale, leikarringen og kulturskulen er med, og mykje moro ventar også der. 17. mai i Valle kommune blir etter alt å døme akkurat den bygdefesten nasjonaldagen plar vere!
