Alt klart for påskemøte mellom Valle kommune og hyttefolket
Onsdag 27. mars klokka 10-12 skipar Valle kommune til det årvisse påskemøtet med hyttefolket. Eit tettpakka program ventar i Sæbyggjen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.03.2024 08:33
Sist endra 26.03.2024 10:11
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum (t.v.) og kommunedirektør Vidar H. Homme ser fram til påskemøte onsdag 27. mars.
Ole Birger Lien
Ordførar Lars Tarald Myrum og kommunedirektør Vidar H. Homme tar imot før programleiar for dagen, leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, tar over. Frå kommunen kjem elles også representantar for teknisk eining, helse og kommunikasjon.
Næringsliv og hjelpekorps
Frå Brokke AS kjem Merete Austad. Bjørnevatn løypelag er med, og Vennesla Røde Korps hjelpekorps, som er i sving i Brokke i påska, tar turen. Politiet er klar, Dag Hovden fortel om beredskap og anna relevant, og kommuneoverlege i Valle og Bykle, Kjetil Juva, tar for seg helseapparatet som skal handtere behovet til både fastbuande og tilreisande. Frå kyrkja kjem Bjørgulv T. Berg for å vere med.
Mange tema
Av tema som blir aktuelle er alt frå kva har skjedd sidan sist påskemøte til informasjon om løyper, arrangement i påska, kommunen med auka satsing på kommunikasjon og mykje, mykje meir. I siste del av møtet blir det opna for spørsmål og innspel. Det blir enkel servering i løpet av samankomsten.