Dei fleste har ferie, medan konsulent Annbjørg Bjørgum Sagneskar held fortet, det vil seie kommunehuset i Valle.
Ole Birger Lien
Så har nok også Annbjørg fått med seg knallveret som har vore den siste tida. Sure miner fordi ho er “fanga” i kommunehuset i Valle er det likevel lite av.
– Det går greitt, men på dei varmaste dagane har det nok vore slik at ein tel timane til ein kan ut i sola. Så er det temmeleg stille her, men ein del å gjere har eg likevel, seier ho.
Ope kvar dag
Kommunehuset i Valle er ope kvar dag sommaren gjennom frå klokka 10-14. For sentralbordet gjeld dei same tidene. Noko “renn” har det ikkje vore, men ein viss aktivitet er det sjølv om dei fleste har fri.
– Så kjem nok ferien til meg og etter kvart. Eg håpar bare at finveret kan halde seg til det er min tur, smiler Annbjørg Bjørgum Sagneskar.
Sommar-opningstidene held fram til 1. august, før det er ordinære opningstider att.