Arbeidet med kommunedelplan Brokke godt i gang

Arbeidet med kommunedelplan for Brokke er no godt i gang. Målet er å leggje til rette for ei berekraftig utvikling som tek omsyn til både natur, landbruk, lokalbefolkning, fritidsinteresser og næringsliv.

Ole Birger Lien

Som del av kommunedelplanarbeidet skal det gjennomførast ein revisjon av ein del av dei eldre reguleringsplanane i området, det som også vert omtala som planvask. Trollvegg arkitektstudio er engasjert som planfagleg konsulent og bistår kommunen i arbeidet.

– Medverknad er heilt avgjerande i planarbeidet. Alle innspel frå grunneigarar, utbyggjarar, innbyggjarar, hyttefolk og andre interesserte blir tekne med i det vidare arbeidet, seier rådgjevar plan og næring, Åse Ingebjørg Flateland.

Fokusgrupper som metode

Formannskapet har valt å bruke fokusgrupper i tidleg fase, etter faglege råd frå Trollvegg arkitektstudio. Slike grupper gjer det mogleg å gå djupare inn i viktige tema og få fram nyansar som kan mangle i folkemøte eller skriftlege innspel. Fokusgrupper er berre eitt av fleire grep, og på langt nær den einaste arenaen for påverknad.

-Vi har òg fått tydelege innspel frå fleire som er kritiske til opplegget. Desse innspela er viktige, og vi vurderer fortløpande korleis vi kan leggje opp medverknaden best mogleg. Dersom vi ser behov for fleire møte eller andre former for medverknad, vil vi heller ha eit møte for mykje enn eit møte for lite, understrekar Flateland.

Andre høve til medverknad

I tillegg til fokusgruppene blir det fleire opne møte:

  • Medverknadsdag under Sauesjåmarknaden 27. september
  • Stand på Brokke alpinsenter i haustferien 4. oktober
  • Eigen medverknadsdag for barn og unge
  • Seinare også ein open dag på kommunehuset i Valle

Planforslaget vil til slutt bli lagt ut til offentleg ettersyn, med formelle høyringsrundar og politisk handsaming.

– Vi ynskjer at alle som har meiningar om utviklinga i Brokke skal kome til orde. Alle innspel vert vurderte på lik linje, seier Flateland.