Arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen i Valle kommune er i gang

No er arbeidet med samfunnsdelen i ny kommuneplan i Valle i gang. Prosjektet skal vere i mål innan juni neste år.

– I takt med at me no har starta opp, ynskjer me medverknad og engasjement. Hugs, det er no me skal sjå på kva slag kommune me ynskjer oss i åra som kjem. Kva skal Valle kommune vere? Kvar går vegen? Alle med meiningar om dette bør engasjere seg, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Kay Arne Søgård er leigd inn som prosjektleiar for samfunnsdelen, medan formannskapet i Valle kommune er styringsgruppe.

– Me er no i gang med datainnsamling, mellom anna etter innbyggjarverkstaden i soknehuset i mai, seier han.

– Arbeidet med samfunnsdelen var også tema under næringsfrukosten på Sølvgarden hotell nyleg, legg Homme til.

Fire fokusområde

Det er definert fire fokusområde i samfunnsdelen: folkehelse, bulyst, arbeidsplassar og beredskap. Under innbyggjarverkstaden i mai var det mest fokus på dei to første områda - ved seinare høve får også arbeidsplassar og beredskap meir fokus.

– Eg håpar at alle som måtte ha ei meining om arbeidet - og det bør vere dei fleste som bur i kommunen, no engasjerer seg. Me ynskjer og skal leggje til rette for medverknad, og det er noko meir enn fine ord. Når me skal utforme framtidas Valle kommune er det avgjerande at satsinga er forankra hjå dei som faktisk bur i kommunen, seier Vidar H. Homme.

– Eg tar gjerne imot alt frå forslag til spørsmål og synspunkt, og håpar på solid respons, seier Kay Arne Søgård.

Har du meiningar eller anna du vil spele inn? HER kan du sende det du har på hjarta!