Asfalten på ved avkøyrsla til Valle skule

I samband med anleggsarbeidet ved Valle skule skal det byggjast avkøyrsle direkte frå riksveg 9 inn til skulen for anleggstrafikk. I går vart avkøyrsla asfaltert. 

I går tysdag 10. desember kom asfalten på avkøyrsla ved Valle skule. - Klikk for stort bileteI går tysdag 10. desember kom asfalten på avkøyrsla ved Valle skule. Ole Birger Lien

Rivinga på bygget er i gang, og det er difor å rekne med ein heil del anleggstrafikk når massane skal fjernast. Avkøyrsla kjem etter initiativ frå FAU, og etter samtalar mellom Valle kommune og Statens vegvesen.

– Avkøyrsla skjermar mjuke trafikantar, og det er hovudprioriteten vår i heile prosjektet. No skal det også skiltast skikkeleg ved avkøyrsla, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg.

Respekter skilting og skjerma plassar!

Som frå dag ein i prosjektet blir det streka under at både dei i bil, på sykkel eller til fots må vere ekstra grundige med tanke på skilting i anleggsområdet. Bilar skal køyre og parkere bare der det er tenkt, folk skal fote seg der det er trygt.