Asfaltering og såing utomhus på plass ved nye Valle kultursenter
Arbeidet med nye Valle kultursenter går jamnt og trutt framover, og ein når stadig nye milepælar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.11.2025 09:47
Sist endra 10.11.2025 09:47
Eik Prosjekt AS
Asfalteringa av adkomst og parkeringsplass er no fullført, og plenarealet er tilsådd, blomar og buskar er planta.
– No er panelet i storsalen på veg opp. Her er det så lange panellengder at det krev lift for å få dei oppi høgda, seier prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Eik Prosjekt AS.
Mykje teknisk
I tillegg til utomhus og veggar skjer det no mykje med teknisk arbeid - kablar og trekkrøyr i veggar og tak. Inne går det også føre seg måle- og flisarbeid, og ein er no i gang med energibrønn ved Otra.