Asfaltering ved nye Valle kultursenter betyr innsnevra parkering
Det nærmar seg asfaltering av parkeringsplassen utanfor nye Valle kultursenter og Valle skule, og dei dagane det blir asfaltert får det fylgjer for tilgangen til parkering og ferdsle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.10.2025 13:52
Sist endra 22.10.2025 08:54

Parkeringsplassane (ei rekkje) lengst mot Rv9 i vest vert sperra dei to dagane som det skal asfalterast. Sjå på biletet i saka for illustrasjon. Ein må bruke parkeringsplassane sør mot hybelbygget og barnehagen, og dei som kan bør la bilen stå, og ta beina/syklen i bruk, eller samkøyre med andre.
Asfalteringa vil gå føre seg
torsdag 23.okt – fredag 24.okt, ELLER måndag 27.okt – tysdag 28.okt.